I Oppstryn har vi bakeriet vårt der alt blir produsert, og held open sommarkafe frå medio juni til medio august. Vi åpnar vanlegvis ved skuleslutt og stenger igjen ved skulestart. Elles i året bruker vi lokala til ulike arrangement, i tillegg til selskaps- og møtelokale. Kafeen og utsalet i Stryn er open heile året.
Lokala vart utvida og pussa opp våren 2014, og har no plass til 80 personar. Her har vi bursdagar, barnedåp, bryllaup, minnestund m.m. I tillegg har vi eit stort uteområde med 70 sitjeplassar som er godt å bruke når veret tillet det.
Vi driv også catering, og har lang erfaring frå store og små arrangement. Dagleg leverer vi kaker til ulike anledningar og påsmurt til møter o.l. Klikk her for meir infomasjon.
Kontakt oss gjerne for tilbod!

cof

cof

sdr

sdr

sdr