Om oss

Matstova er ei familiebedrift som driv med heimebakeri, kafe og catering. Vi bakar lefser, flatbrød og ulike bakverk etter gamle oppskrifter, og har også kafe på Stryn Torg som ligg midt i Stryn sentrum. Der er det ope heile året. Sommarkafeen og selskapslokalet vårt, ligg i Oppstryn ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, 20 km frå Stryn sentrum. Her blir alle produkta produsert i bakeriet vårt.

Matstova har drive heimebakeri i over 20 år, og det var tidlegare kalla Strynefjell Draktverkstad då det vart sydd og laga gensarar mm. Bygget har etter det vore bygd på  fleire gonger, og blitt utvikla meir og meir. Vi har no eit stort lokale med plass til opp mot 100 personar, som blir brukt gjennom heile året til ulike arrangement. Uteområdet er også pussa opp og utvida med platting der vi har plass til over 70 personar.

Vi har også middagsservering i høgsesongen frå juni-august med heimelaga mat, ferske bakevarer og kaffimat. Vi lagar kaker på bestilling og kan servere tre retters middag, koldtbord eller catering om du ynskjer å ha det i ditt eige lokale. Vi har ellers ope for dei som ynskjer å ha barnedåp, konfirmasjon, bursdagar, julebord eller det du måtte ønskje utanom sesongen.

Heile året bakar vi fiskelefser, kaffilefser og flatbrød som er veldig populære her i distriktet og for folk som kjem reisande. Julekakene våre er også populære som vi lagar mange sortar av. Dei finn du også på kafeen vår i Stryn. Vi sel varene våre heile året på utsalet vårt i Stryn på Stryn Torg.
Velkomen til oss!

Tlf: 57877220 ~ 91747889
matstova@gmail.com

6799 Oppstryn, Strynevegen 1938.

12987075_1400388653320641_7555776027751570278_n