Matstova AS driv bakeri og catering, med produksjon, sommarkafé og serveringslokale i Oppstryn og bakeriutsal og kafé på Stryn Torg i Stryn sentrum. Kjerna i bedrifta er norsk tradisjonsmat av høg kvalitet, med lokal forankring. Matstova har i dag 15 tilsette inkludert ekstrahjelper.
Bakar eller bakerimedarbeidar med erfaring innan bakar-/konditorfaget
På grunn av sterk vekst i bedrifta søkjer vi etter faglært bakar eller ein person med erfaring som innan bakar og/eller konditorfaget. Fagbrev er ønskeleg, men erfaring tel også mykje. Vi er ute etter ein arbeidssom, fleksibel og positiv person som ynskjer å bidra til å utvikle Matstova vidare. Arbeidet vil hovudsakleg bestå i baking av brødvarer, kaker, lefser og flatbrød.
Arbeidstida vil veksle mellom natt og dagarbeid, etter avtale. Høgsesongen er frå juni – desember. Stillingsprosent etter avtale. Tiltreding snarast.
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring innan bakar-/konditorfaget. Helst fagbrev, eller meisterbrev.
- Strukturert, fleksibel og pålitelig med stå på vilje.
- Må kunne kommunisere på nordisk språk
- Vere over 18 år
For rette vedkomande kan vi tilby:
- Trygg og trivelig arbeidsplass
- Lønn: Etter avtale/kvalifikasjonar
Send søknad og CV til matstova@gmail.com For spørsmål og meir informasjon om stillingane ta kontakt på telefon 57 87 72 20.